Kennel Melkebart Oppdrett av Berner Sennen

 


Om oss


Vi er ei familie på 4 som bor i Volda på Sunnmøre i eit gamalt hus med romslig innegjerda hage som hunder og barn boltrer seg i. 
Vi er Linn, Arnfinn, Randi født i 2000, og Anna født i 2003.   

Både Linn og Arnfinn er oppvokst med hund, så då vi flytta saman var det naturleg at vi fikk oss hund. Den første hunden vi hadde saman var ein omplasseringshund (blanding). Fem veker etter at den gjekk bort fikk vi Mira, vår gode og trygge Golden Retriever. Vi henta Mira i juni 1999.
Då Linn var heimeverande med Randi, fann vi ut at vi ville ha oss ein hund til. Vi bestemte oss for å prøve ei anna rase og valget vart Berner Sennen. I januar 2001 kom Akila i hus, og Mira syns det var heilt topp å få selskap av ei likesinna.
Etter kvart kom interessa meir og meir for utstilling og seinare også avl, så i januar 2005 kom Bella i hus, galskapen fortsatte, og i september 2006 kom ei ny bernerjente, Lotte. Lotte måtte vi diverre avlive i oktober 2007, ho sleit veldig med hd'en sin.
No har vi Mira, Akila og Bella her hjå oss, og eit samarbeid på Melkebarts Constanze, som bur i Florø. 
Det vert ofte turar langs stiar og vegar, til fots eller med sykkel. Vi trenar litt lydigheit og agility, og reiser på utstillingar med hundane våre, men først og fremst er våre hunder hyggelege familiehunder.



Om oppdrettet


I og med at vi ikkje har så mange tisper å avle på, vert det ikkje så mange kull her hjå oss.  Hittil har vi hatt tre kull, som Akila er mor til.

Når vi har kvalpar i huset legg vi stor vekt på at kvalpane skal få oppleve så mykje som mogleg. Vi har derfor kvalpane fra dag ein til dei blir leverte til dei nye eigarane på stua eller kjøkenet vårt. Kvalpekassa med kvalpegrinder rundt er plassert på kjøkenet vårt, vi har opa  løysing til stua, slik at dei får med seg alt som skjer i ein  heim med to vaksne og to små barn. Dei får sjølvsagt kome ut av kvalpekassa og utforske verda. Vi har stor veranda og hage som kvalpane får vere på og snuse og utforske.

Kvalpane får også omgong med andre hundar enn mor si, då vi har andre hundar her heime enn kvalpane si mor. Vi har vener med snille hunder som kjem på besøk og helser på kvalpane.  Frå kvalpane er 6-7 veker er dei med åleine på tur til postkassa. Dette for at dei skal få oppleve bilar, menneske og det å ha på seg band og få sjølvstendige erfaringar. 
Barnehagen til Anna kjem i puljer for å få sjå på dei nydelige kvalpene, dette har vi berre gode erfaringar med. Kvalpane vil helse på og barna er rolige og tolmodige. 

Vi reiser på bilturar med kvalpene, dei fleste skal kjøre eit stykke før dei kjem til sine nye heimar så det kan vere greit å ha prøvd dette saman med mor og søsken før ein plutselig dreg åleine ut i den store vide verda.

Alle kvalpene blir bada og føna, ID-merka, vaksinert og registrert i NKK.
Dei vert levert med helseattest frå veterinær som ikkje er eldre enn ei veke. Dei får også med ein perm med div. informasjon, og CD med bilder vi har teke av kvalpane så langt.

Vårt mål med oppdrettet er å avle fram trivelege familiehunder som er rasetypiske og sunne.

 

 


Om heimesida


Heimesida vår, bilder, grafisk grensesnitt og innhald forøvrig er vår eigedom og all bruk av materiale herifrå må avtalast med oss på førehand. Bileta på sida vår er tatt av oss sjøl, noko er av ukjent opphav, og noko er kreditert vener, kvalpekjøparar, og andre kjende.
På grunn av dårlige erfaringar med misbruk av materiale frå sida vår, må vi dessverre kategorisk avvise all bruk av bilder og tekst til nettstall, minstall og liknande. Prøv å respekter at vi ikkje liker at en leiker butikk med våre familiemedlemmer.

 

Linn og Arnfinn Mork
Kårstadvegen 10
6100 Volda

tlf: 70 06 68 46 / 91 76 99 11